7,711
12
2
Traverskran i garasje - løysing for kranbane
194
0
Eg jobbar med å bygge meg ein traverskran i redskapsgarasjen min. Eg har bakgrunn som statikar så styrkemessig har eg god kontroll på bjelkar og bæring, men eg har lite erfaring med kranbane og hjul/ruller og håpar på innspel på løysingar her.
Bjelkar og søyler vert utført i limtre for at det skal vere enklast mogleg å bygge dette sjølv. Utført i stål vil det verte veldig vanskelege/tunge profilar å ha med å gjere og mykje meir jobb med tilvirking.
Mellom dei to tversgåande limtrebjelkane (sjå skisse) vert det hengt opp ein I-bjelke for bane til løpekatt med kjettingtalje. Viare skal dei doble limtrebjelkane (traversbjelkane) "kubbast" i endene og kvar ende skal gå på ei skinne som ligg oppå dei langsgåande ytre bjelkane. Det er her eg lurar på om dykk har forslag til skinne og hjul/ruller som kan nyttast. Løftekapasitet på kranen vert sannsynlegvis 10kN (1 tonn), så det er ikkje snakk om veldig store krefter. Det kan vere aktuelt med meir enn to hjul ved kvar kubbing for å fordele lasta utover då "kubbinga" på endene vert 60cm lange.
Eit anna alternativ er å setje ein mindre I-bjelke oppå limtrebjelkane som dannar kranbana ute med veggane og få tak i løpekatt som kan gå på toppen av bjelkar. Slit litt med å finne dette, men om nokon veit om slike produkt vert innspel sett pris på.
Er vel mange "luringar" her inne som har vore borti litt av kvart og kan ha gode idear om løysingar?

http://www.industrialwheels.com/da/produktkatalog/flanger-hjul-til-spor-og-skinner/vinkelsporhjul/
Mener jeg har sett tilsvarende hjul i en norsk katalog/nettside også, men husker ikke helt hvor. Tools/Gigant/Luna har sikkert, men tror ikke det var der...
Se innlegget til Wazzaa på siste side med skinner og hjul fra Jula
- Rådgivende ingeniør areal og samferdsel som yrke.
- Personlig opptatt av byggtekniske løsninger. Har også et lite gravefirma sammen med min far.
Skriver her som privatperson om ikke annet er beskrevet.
Takk for tips Knett, men trur nok det der vert for spinkelt for mitt opplegg. Er også ute etter å flytte kranen i to aksar horisontalt.
Nokon som veit kvar ein får hjul med dobbel flens og fast gaffel? Kan eventuelt prøve meg med enkeltflensa hjul og firkantstål/HUP, men ser for meg at dobbelt flens er tryggare i forhold til å ikkje spore av
Oppdatert: Tenkjer eg går for vinkelstål likevel og skråskjer ein 98x98 som eg legg under vinkelstålet. Då får ein god kontakt direkte frå heile stålet og ned til limtreet, problem solved.
- Rådgivende ingeniør areal og samferdsel som yrke.
- Personlig opptatt av byggtekniske løsninger. Har også et lite gravefirma sammen med min far.
Skriver her som privatperson om ikke annet er beskrevet.
Vurderer noe tilsvarende selv i min fremtidige garasje.
- Rådgivende ingeniør areal og samferdsel som yrke.
- Personlig opptatt av byggtekniske løsninger. Har også et lite gravefirma sammen med min far.
Skriver her som privatperson om ikke annet er beskrevet.
Kapasitet: 500kg
Spenn: 7 meter
http://www.industrikran.no/lettloft/lettbaner#prettyPhoto