64
0
0
Isolering av rom i garasje
5
Trondheim
0
Hei!
Vi har fått satt opp ein ny Igland-garasje, og innerst har vi fått eit rom som vi skal isolere. Det er 2,3 x 6 meter. Ytterdør på den eine kortveggen, vindauge på den andre, og dør til resten av garasjen nær ytterdøra. Eg kjem til å varme opp rommet av og til, men for det meste vil det nok stå kaldt.
Her er det eg har klart å finne ut (eller ikkje) at eg treng:

- 10 cm isolasjon i veggane.
- Dampsperre eller ikkje? Eg såg det vart nemnt at det ikkje skal vere dampsperre i rom som er sporadisk oppvarma og som kan ha stor variasjon i temperatur. Og at det ikkje trengs når isolasjonen er under 20 cm.
- Kva slags veggplater burde eg bruke?
- Vi skal ha golv på heile loftet, for oppbevaring. Kva slags golv burde eg bruke? Er det dumt å ha sponplater over det isolerte rommet?
- Luftepapp med 5 cm kanal mot taket.
- 15 cm isolasjon i taket.
- Kva slags plater burde eg bruke som himling?
- Blir det nok med ein lufteventil? Skal eg berre ta den høgt oppe, ved sidan av vindauget?
- Er det greit å la betonggolvet vere som det er? Den innvendige døra slår inn i dette rommet, så det er ikkje plass til noko oppå golvet.
- Andre ting som er viktig?